Musikk & Scene

I 2026 feirar The Nordic Floyd Show (TNFS) 25-årsjubileum, og det skal markerast skikkeleg!
Bandet vel fritt blant sine aller største favorittlåtar. Her får du både dei udøyelege, legendariske publikumsfavorittane, men òg hemmelege, gåsehudframkallande perler som Floyd-fansen vil elske å oppleve levandegjorde igjen i eit storslått multimediashow.
TNFS er hyllesten som starta på ei klubbscene og voks heilt fram til sjølvaste Operahuset i Oslo, som det første og framleis einaste Floyd-tribute-bandet på Noregs ikoniske nasjonalscene. Oppskrifta på suksessen har alltid vore den same: å gripe publikum ved hjarterøtene og levere intens, detaljrik, musikalsk og visuell råskap med ei magisk nerve som får deg til å halde pusten.
Om TNFS
Noregs legendariske Pink Floyd-tribute, The Nordic Floyd Show (tidlegare Dark Side of the Wall/DSOTW Norway), har allereie oppnådd det mange berre kan drøyme om - å bli godkjent av sine eigne idol. TNFS er bandet som Roger Waters omtalar som «F***ing brilliant», og som har spela for fulle hus i over 20 år, mellom anna som det første og framleis einaste Floyd-tributeshowet i sjølvaste Operahuset i Oslo (2024).
Bergens Tidende har omtalt showet som «Storslagent og imponerende på alle måter» og «...en imponerende forestilling som absolutt tilhører det aller ypperste i sitt slag».
Bandmedlemmene si livslange kjærleik til musikken til Pink Floyd vart til ei energibombe alt frå første øving. Sidan den gong har Helge Nyheim (vokal/trommer), Bjarte Aasmul (gitar/vokal), Kai Taule (bass/vokal) og Dag Øivind Rebnord (tangentar/visual FX) utvikla konseptet til ei forrykande multimedieframsyning.
Dei har samarbeidd med gjesteartistar som Ian Ritchie (Storbritannia, Roger Waters Band), Sharon Gaynor (Irland, Breathe), Tine Taule og fleire andre.
---
Varigheit: Ca 1 time og 40 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.