SIDE BROK på USF Verftet, lørdag 28. november.
Billetter i salg fra torsdag 27. august.
Det er 26 år sidan Side Brok vart danna.
No feirar dei eittårsjubileet til albumet All verda med å leggje ut på ein aldri så liten turné.
Sidan i fjor har singelen Esso rokke å bli ein moderne klassikar i Side Brok-universet, og bandet har spelt utselde konsertar i Oslo, Bergen og Ålesund – mellom anna.
Rett etter at dei sleppte singelen Kjærleik er kjærleik i juni, stod dei på scena framfor eit mildt sagt ekstatisk publikum på Bergenfest. Bygdalarm og Balestrand Badeklubb var naturlege stopp på vegen, før festivalsommaren fekk eit verdig punktum på sjølvaste Jugendfest.
No er bandet klare for ein ny runde, og rabalderet treffer eit knippe gode scenar, før turneen får sitt høvelege punktum på USF Verftet i Bergen 28. november.
INFO: