Bergen Live presenterer ODDNY
Oddny tilbake i Bergen – større enn nokon gang!
Etter å ha solgt ut Kulturhuset flere veker på forhånd, tar bandet no steget videre til USF Verftet (Røkeriet) lørdag 31. oktober, klare for det som ligger an til å bli ein av haustens store konsertopplevingar.
Med låtar som «Oktober, Bergen by», «Bittelitt» og «Alma» har Spellemannvinnar Oddny for lengst markert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv.
Radiosuksess, utselde konsertar og ei stadig veksande fanskare, stakk dei òg av med Luttprisen 2024 som Årets nykommar. I 2025 stod prisane i kø vidare, då både Norsk Viseforum sitt Artiststipend og Frank Hammersland-minnefond landa i fanget deira. Det seier sitt: Oddny treff folk midt i bringa. Og då Spellemannprisen skulle delast ut, gjekk Iver Strand Senneset / Oddny heilt til topps og vann prisen for Årets tekstforfattar, i tillegg til nominasjon i kategorien Årets låtskrivar.
Med sin heilt eigne og særs gjenkjennelege signatur, miksar dei alternativ poprock med dialekttekstar fullada av nerve og nærleik. På scena har dei blitt eit av dei mest snakkis-skapande livebanda i landet, og 2025 tok dei med storm – festival etter festival, frå små og store salar i både Noreg og Sverige. Utselt på Kulturhuset i Bergen. Utselt på Parkteatret. Og då dei spela på by:Larm i 2025, kasta Gaffa ein klinkande seksar og kalla konserten «grandios». Det er berre å bøye seg i lua.