Kunst & Kultur

Dette er Nora!
Nora elskar regn, prikkar, kosekaninen og å leike med bestevenen sin Filip. Nora vil helst vere stor, og klare alt det som dei store kan. Men nokre gonger er det ikkje så lett, det er skummelt rett og slett.
På barnerommet til Nora blir vi med på små og store kvardagssituasjonar, fortalt med humor, nyskriven musikk, fargerike figurar og ei akkurat passe dose med spenning for dei yngste.
Kunstnarleg lag:
Forfattar og illustratør av Nora bøkene: Irene Marienborg
Manus: Lina Taule Fjørtoft og Adele Duus
Med: Lina Taule Fjørtoft
Regissør: Adele Duus
Komponist: Toivo Fjose
Dokkemakar og rekvisitør: Marte Synnevåg
Støtta av Kulturtanken
Speledagar:
Laurdag 31. oktober kl. 12 : Premiere! + kl. 14
Søndag 1. november kl. 14 + 16
Laurdag 14. november kl. 12 og 14
Søndag 15. november kl. 14 og 16
Varigheit: Ca 40 min.