Stavanger, tidleg på hausten 1902: Gamle Oline kjempar seg opp den bratte brekka ifrå kaien og opp til huset sitt – med fisk i den eine handa og stokk i den andre. Kroppen verker, tankane surrar, ho tenkjer mykje på broren Lars, og dessutan kjenner ho at ho må på do. Oline skal døy i dag.
Melancholia II er er unik framsying basert på Jon Fosse sin roman om landskapsmålaren Lars Hertevig, og søstra hans Oline. Ei framsyning der røyrsle og dans spelar like stor rolle som teksten.
Jon Fosses roman handlar om det fundamentale i menneskelivet, om skam og verdigheit, om kjærleik og om død. Det er ei sår historie om det å høyre saman med nokon, om kroppsleg og mentalt forfall, og om det vakre i det fråstøytande. Han skriv ifrå innsida av tankestraumen til Oline, ifrå innsida av den skrøpelege kroppen, og ein kan kjenna korleis beina hennar verker, ein kan kjenne på skamma hennar over å ikkje ha kontroll over kroppsfunksjonane sine. Ein kjenner på vermen og lyset som finst i minna ho har om broren – landskapsmålaren Lars Hertervig (1830-1902), som ho aldri heilt forstod – eller kanskje ikkje heilt våga å forstå.
Romanen er eit trippelportrett; det er både eit portrett av Oline og eit portrett av Lars, og det er eit portrett av skrivaren sjølv, forfattaren bak romanen. Han gir seg til kjenne i måten å sjå på, gjennom teksten sin materialitet, gjennom rytmen og pusten i teksten. Skodespelaren vil gjennom eit gjennomkoreografert fysisk språk forsøka å gestalta denne språkrytmen. På denne måten ser skodespelaren på skrivaren, som ser på Oline, som igjen ser på broren Lars, kunstnaren.