Sanketur & matkurs langs Løvstien - lag mat ute i naturen
Bli med på ein smakfull kveld ute i naturen!
Saman med Stene Matglede inviterer Anne Lill deg med på ei oppleving der du lærer å finne, forstå og bruke spiselige ville vekster - og lage fantastisk mat ute i det fri.
Dette får du oppleve:
Vi startar med ein guida sanketur langs Løvstien (retning Melkeplassen), der du lærer:
- Kva som er trygt å sanke
- Korleis kjenne igjen dei beste vekstene
- Kva dei kan brukast til
Deretter tek vi med oss fangsten vidare til ein gapahuk - og lagar smårettar ute på primus/stormkjøkken
Anne Lill deler av sin erfaring frå restaurantbransjen, og viser korleis "ugras" kan bli til noko heilt unikt på tallerkenen.
Dette lærer du:
- Grunnleggjande sanking av ville vekster
- Bruk av primus/stormkjøkken
- Enkle og smakfulle rettar du kan lage ute
- Tips du kan ta med deg vidare på eigne turar Praktisk info:
- Onsdag 13.mai
- Tid: kl. 17:00-20:00
- Varighet: ca. 3 timar
- Oppmøte: Rogagaten 26, Stene Matglede sine lokal
- Pris: 1100 kr
- Maks: 15 plassarTa med:
Har du eige stormkjøkken/primus? Ta det med!
Du får rettleiing på ditt eige utstyr
(Men vi har utstyr til alle - så det er ikkje nødvendig)
Kle deg etter veret og ta med noko du kan sanke vekster i dersom du vil ta med noko heim:-)
Kurset inkluderer:
- Råvarer
- Utstyr
- Oppskrifter
- Personleg rettleiingFAQ
Må eg ha erfaring frå før?
Nei! Dette er eit lavterskel kurs - perfekt for nybegynnarar.
Kva om eg ikkje har stormkjøkken?
Ingen problem - vi deler på utstyret vi har.
Kva slags mat lagar vi?
Småretter basert på det vi sankar - enkelt, smakfullt og inspirerande.
Kva kle bør eg ha?
Kle deg etter veret - vi er ute heile tida.
Er dette berre for spesielt interesserte?
Nei - dette passar for alle som er nysgjerrige på natur, mat og nye opplevingar.
Sikre deg plass i dag - det er kun 15 plassar!