Er det mogleg å bygge ein fredskultur slik verda ser ut i dag? Korleis kan ein jobbe med dialog, diplomati og tillit når opprusting, krig og mistenksomheit er det dominerande? Kva viser forsking, politikk og erfaringar frå feltet? Saman med Norec set vi søkjelys på korleis kultur og internasjonalt samarbeid er viktige for at fred ikkje berre blir ein visjon men eit reelt alternativ.
Seminaret er på norsk.
NB! Det er gjort endringar i dette seminaret i høve til det som står i trykt program og brosjyre: Rekkjefølgja på innlegga er endra - og seminaret vil vare til 14.45. Endringane er gjort 21. juni.
Programleiar er Roger Sevrin Bruland, kommunikasjonsleiar i Norec.
Program
12.30 – Velkomen
Roger Sevrin Bruland ønskjer velkomen.
12.35–13.00 Marte Heian-Engdal
Forskar og historikar Marte Heian-Engdal opnar seminaret med eit engasjerande overblikk over dei store linjene i verdspolitikken i dag – om krig, makt og globale spenningar.
13.00 - 13.25 Ingeborg Breines
Refleksjonar rundt kultur, utdanning og freds-arbeid, basert på lang erfaring frå internasjonalt arbeid for dialog og ytringsfridom. Kan UNESCO og FNs visjon om Fredskultur hjelpe oss å lære å leve saman i fred? Breines deler også refleksjonar frå boka «Fredskultur- Utopi eller sikkerhetspolitisk alternativ».
13.25 Pause
13.40-14.00 Mellom middagsbord og diplomatisk krise
Kva skjer når arbeidsplassen din er midt i ein av verdas mest fastlåste konfliktar, og heimen din er i same region?
Margunn Indrebø Alshaikh , visespesialrepresentant for UNDP PAPP, lever eit liv prega av djupe kontrastar i Israel. I denne samtalen får vi eit unikt innblikk i korleis det er å balansere rolla som diplomat og forelder i eit landskap der det personlege og det politiske er umogleg å skilje. Korleis tek ein vare på både den profesjonelle nøytraliteten sin og den menneskelege empatien når kvardagen står i fare for å rakne?
14.15 – 14.25 Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Utviklingsministeren gjev eit politisk perspektiv på internasjonalt samarbeid, kulturutveksling og fredsarbeid i ei uroleg verd.
14.25-14.45 Panelsamtale: Kan kultur byggje fred?
Roger Severin Bruland samtalar med Heian-Engdal, Breines og Aukrust. Panelet drøftar korleis kulturutveksling kan bidra til berekraftig fred – og kva utfordringar som ligg i feltet i dag.