
JAWA er eit musikkensemble som fører vidare den sufiske musikkarven frå Aleppo i Syria – ein fleire hundre år gamal tradisjon med djup...
Jawa
Når
3. juli 2026, 18:00
Hvor
Førdehuset, Teatersalen
Pris
Betalt
Adgang
Eksterne billetter
Om dette arrangementet
JAWA er eit musikkensemble som fører vidare den sufiske musikkarven frå Aleppo i Syria – ein fleire hundre år gamal tradisjon med djup åndeleg og kunstnarisk forankring. I dag er denne arven truga, både av krig og av at dei store meisterane som bar songane vidare, gradvis fell frå.
Den sufiske songtradisjonen i Aleppo har vorte overført munnleg frå generasjon til generasjon. Songane, ofte framførte utan instrument, er rike på poesi, komplekse rytmar og orientalske maqam-skalaer. JAWA gjev musikken ei varsam nytolking ved å ta i bruk instrument, samstundes som dei held fast ved den klassiske forma.
Konserten blir følgd av ein Mevlevi-dervish, som gjennom den kjende sufiske virvelen gjev publikum innblikk i ein meditativ praksis der musikk og rørsle høyrer saman. Rørsla blir brukt som hjelp til konsentrasjon og ettertanke, og opnar for ei stillferdig, men sterk oppleving.
Velkomne.
Eventlenke
Del og lagre
Hvor dette kommer fra
Kilde
ticketco_events
Tillit
Offentlig kilde
Sist synkronisert
1. juni 2026, 04:52