Hopp til hovedinnhold
Oppdag mer
Har naturen intelligens?
Importert

Intelligens har tradisjonelt vore knyt til hjerne og medvit, men moderne forsking visar at også naturens system kan fungere på måtar som...

Har naturen intelligens?

Kurs & Kunnskap

Når

19. mai 2026, 12:00

Hvor

Det Akademiske Kvarter

Pris

Pris ukjent

Adgang

Eksterne billetter

Om dette arrangementet

Intelligens har tradisjonelt vore knyt til hjerne og medvit, men moderne forsking visar at også naturens system kan fungere på måtar som utfordrar denne forståinga. I dette møtet utforskar vi naturens intelligens slik ho kjem til uttrykk i biologiske og økologiske prosessar.

Ny innsikt frå biologi og økologi viser at organismar utan sentralnervesystem, som plantar, sopp og mikroorganismar kan sanse omgjevnadene sine, kommunisere og tilpasse seg over tid. Plantenettverk, sosiale insekt og heile økosystem viser former for samspel og sjølvregulering som peikar mot meir enn rein mekanisk åtferd.

Vi ser nærare på omgrep som distribuert intelligens og kollektiv åtferd, og på kva desse perspektiva kan seie oss om intelligens utover eit snevert, menneskesentrert syn.

Møtet gir ei fagleg innføring i eit felt i rask utvikling, der naturvitskaplege funn også har konsekvensar for filosofi, teknologi og vår forståing av forholdet mellom menneske og natur.
Arrangementet finn stad 12. mai på Teglverket, Kvarteret kl. 18.

Vi gleda oss til å sjå deg!

Flere som dette

Kurs & Kunnskap

Matkurs: Tradisjonsbakst - Flatbrød

Mandag 11 mai er det duka for eit heilt nytt kurs i Rogagaten 26:Bli med på litt norsk tradisjonsbakst! Vi skal lage ekte flatbrød frå grunnen av, lære om bruk av steiketakke, kva kjevler som er best, kva som gjer ei skikkelig god deig og kva er egentlig ein bakstefløy? Med på laget har Anne Lill invitert med Kristin Glück-Evensen, også kjent med "Kristins kjøkken" og som "Gammalostbudeia". Kristin er utdanna lokalmat-tekniker og er levande engasjert i norske mattradisjonar. Hennar lidenskap ligg først og fremst i mjølkeforedling og tradisjonsbakst, og ho har gjennom fleire år jobba med både formidling og servering av mat tufta på norske mattradisjonar ispedd ein deilig dose innovasjon. Matkultur er for Kristin både fortid og framtid, helst i skjønn foreining! Dato: Mandag 11.mai Stad: Støvå PopUp i Rogagaten 26 Pris: 1250 kr per person Tid: 18.00 - 21.00 Maks 12 deltakarar Unik mulighet til å lære å lage dine egne flatbrød før 17 mai! Vi tar i bruk ei lokal oppskrift frå Hardanger som Kristin har full kontroll på. Det vil bli gjennomgang av kjevlebruk, emnelaging og ulike tradisjonar innan takkebakst og flatbrødbaking Du vert oppfordra til å ta med eiga kjevle, då dette er ein gyllen mulighet til å bli vant med den og evt få tips til justeringar om det trengs. Ellers så har vi og til utlån om nødvendig. Anne Lill skal lage til litt ulike smaksprøver som vi nyter undervegs med inspirasjon til unik bruk av flatbrød både til kvardags og fest, samt fikse noko deilig lokal drikke Kurset inkluderar: Alle råvarer Veileiing, oppskrifter og tips Lån av forkle og utstyr Sprudlende alkoholfri drikke Inspirerande smaksprøver laga til av Anne Lill Flattbrødet dykk lagar blir med heim FAQ: Kven passar kurset for? Alle som liker flatbrød og som er interessert i å lære litt meir om norsktradisjonsbakst og bruk av steiketakke Treng eg forkunnskapar? Nei. Kurset passar både nybyrjarar og vidarekomne. Kva lærer eg? Du lærer å lage eit godt flatbrød frå a-å; frå deig til ferdig produkt. I tillegg vert det god innføring i utstyret, praktisk bruk og tips til korleis få dette til på best muleg vis heime. Er råvarer og utstyr inkludert? Vi oppfordrer alle å ta med eiga kjevle, fløy og forkle om ein har, men vi har tilgjengelig til låns om det trengs. Dette er fordi ein då skal lære seg å bruke eige utstyr om mulig, sidan kvar kjevle feks. kan oppføre seg litt ulikt. Alt av råvarer er inkludert. Får eg mat heim? Ja, du får med deg flatbrødet du har baka sjølv. Kor mange deltakarar er det? Maks 12 - for god flyt og personleg rettleiing.

11. mai 2026, 12:00
Støvå Pop Up
Gå til arrangement

"1901 - et konsertforedrag"

I regi av Fana og Ytrebygda senioruniversitet

12. mai 2026, 11:00
Fana kulturhus - Kultursalen
Gå til arrangement

Matkurs: Villmatkurs med sanking og primus

Sanketur & matkurs langs Løvstien - lag mat ute i naturen Bli med på ein smakfull kveld ute i naturen! Saman med Stene Matglede inviterer Anne Lill deg med på ei oppleving der du lærer å finne, forstå og bruke spiselige ville vekster - og lage fantastisk mat ute i det fri. Dette får du oppleve: Vi startar med ein guida sanketur langs Løvstien (retning Melkeplassen), der du lærer: Kva som er trygt å sanke Korleis kjenne igjen dei beste vekstene Kva dei kan brukast til Deretter tek vi med oss fangsten vidare til ein gapahuk - og lagar smårettar ute på primus/stormkjøkken Anne Lill deler av sin erfaring frå restaurantbransjen, og viser korleis "ugras" kan bli til noko heilt unikt på tallerkenen. Dette lærer du: Grunnleggjande sanking av ville vekster Bruk av primus/stormkjøkken Enkle og smakfulle rettar du kan lage ute Tips du kan ta med deg vidare på eigne turar Praktisk info: Onsdag 13.mai Tid: kl. 17:00-20:00 Varighet: ca. 3 timar Oppmøte: Rogagaten 26, Stene Matglede sine lokal Pris: 1100 kr Maks: 15 plassarTa med: Har du eige stormkjøkken/primus? Ta det med! Du får rettleiing på ditt eige utstyr (Men vi har utstyr til alle - så det er ikkje nødvendig) Kle deg etter veret og ta med noko du kan sanke vekster i dersom du vil ta med noko heim:-) Kurset inkluderer: Råvarer Utstyr Oppskrifter Personleg rettleiingFAQ Må eg ha erfaring frå før? Nei! Dette er eit lavterskel kurs - perfekt for nybegynnarar. Kva om eg ikkje har stormkjøkken? Ingen problem - vi deler på utstyret vi har. Kva slags mat lagar vi? Småretter basert på det vi sankar - enkelt, smakfullt og inspirerande. Kva kle bør eg ha? Kle deg etter veret - vi er ute heile tida. Er dette berre for spesielt interesserte? Nei - dette passar for alle som er nysgjerrige på natur, mat og nye opplevingar. Sikre deg plass i dag - det er kun 15 plassar!

13. mai 2026, 12:00
Støvå Pop Up
Gå til arrangement

Eventlenke

Denne oppføringen er importert. Åpne den eksterne arrangementsiden for detaljer.
Gå til arrangement

Del og lagre

Åpne i Google Kalender

Hvor dette kommer fra

Kilde

visit_bergen

Tillit

Offentlig kilde

Sist synkronisert

11. mai 2026, 04:41

Refusjoner og billettendringer håndteres på den opprinnelige billettsiden.
Vi fremmer både gratis og betalte arrangementer for å hjelpe deg å nå flere.