Bli med på ei tidsreise til 2050, der verda manglar både ressursar og kunnskap som kan redde framtida. Når forskaren Fia Sogndal plutseleg forsvinn, er det opp til deg å følgje spora hennar og finne løysing på korleis framtida skal reddast.
Løys mysteriet saman!
Vi er i år 2050. Kloden er nesten tom for ressursar og kunnskap om korleis ein kan få nok og riktige klede til folk. Forskaren Fia Sogndal har funne opp ei tidsmaskin som ho har brukt til å reise tilbake i tid for å hente kunnskap om berekraftige materialar.
Resultata skal presenterast for FN sitt bærekraftsutval om kun 60 minuttar, men no er Fia sporlaust borte! Følg spora etter Fia for å samle kunnskap om ansvarleg forbruk og produksjon.
Dette er ein kjekk familieaktivitet som krev godt samarbeid for å løyse oppgåvene raskast mogleg.
Praktisk informasjon
- Escape-boxen blir anbefalt for deltakarar frå 12 år og oppover.
- Ein melder seg på som ei gruppe med maks 6 deltakarar per gruppe. Gruppene konkurrerer mot kvarandre om å løyse mysteriet først, og vinnarlaget får ein premiefrå museumsbutikken.
- Pris: 500,- per gruppe som også inkluderer ordinær inngangsbillett til museet for alle i gruppa.
- Møt opp i god tid før kl. 14. Vanlegvis tek det 30-60 minutt å løyse oppgåvene.
- Museet og Krone kafé er ope frå kl. 12-17.
Bestill billett her.