Musikk & Scene

Sundag 25. oktober inviterer me til ei varm stund der forteljingar og pianotonar møtest.
Gjennom ord og musikk tek Rune og Inge Alver oss med inn i historia om Fedjefolket og livet her ute. Samstundes er dette ein del av den større strilehistoria - om kystfolket, kvardagslivet og tilhøyrsla til havet og landskapet rundt oss.
Du treng ikkje vere frå Fedje for å kjenne deg att. Me håpar folk frå Austrheim og andre stader i strilelandet også vil ta turen.
Gjer gjerne litt meir ut av dagen når du først kjem til Fedje. Jentene på kaien held ope frå kl. 11.00, med lunsj før arrangementet og nysteikte sveler og kaffi etterpå. Kanskje passar det også med ein liten fottur og litt frisk havluft?
Velkomen til ein fin sundag på Fedje.