Musikk & Scene
Velkommen til Eikemos tredje Leseselskap, eit nytt fellesskap for litteraturinteresserte med forfattargjester, klassikarsamtalar, musikk og mykje meir. Forfattar Marit Eikemo er vertskap og kurator, den litteraturinteresserte multiintrumentalisten Annlaug Børsheim er husband og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog.
Etterforsking er tema for Eikemos leseselskap 10 oktober - og vi får storfint besøk:
Frode Grytten kjem med ny Odda-roman: Vinter, vinter, vinter, vår . Ordføraren og investorar vil gjere Odda great again med gondolbane og hotell i Buer, der Olga og Martin driv restaurant. Martin er kompromisslaus motstandar, og etter ein kveldstur i desember, kjem han ikkje heim igjen. Vinter, vinter, vinter, vår er ein roman om kjærleikssorg, om å reise seg igjen, om å ta opp kampen mot kreftene som vil øydelegge alt som gjør det verdt å leve.
Leseselskapets huspsykolog Elisabeth Normann kjem også med ny roman: D ette ene livet er hennar første krim. Ei tobarnsmor blir drepen på kjøkkenet sitt i Ytre Sandviken, mens ho lagar middag. Sønnen hennar, som har ei utviklingshemming, har kanskje sett drapet, men manglar språk til å fortelle om det. Etterforskar Lars Alnes tar saka, og får hjelp av psykolog Mia Mjelde, som er ekspert på barn og traumer - og har en fascinasjon for kriminalpsykologi.
Det har også vore eit omfattande etterforskingsarbeid å lage boka Husdraumar, forlatne heimar og folka som levde der av fotograf Marita Aarekol og Marit Eikemo.
Boka fortel historia om nokre av dei 200 000 husa som står tomme i Norge, mange av dei på Vestlandet. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.
Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.
De får høyre meir om alle tre bøkene 10. oktober. Og fordi vi har så mange bokaktuelle forfattarar i selskapet denne gongen, blir det ikkje tid til klassikarsamtale , men selskapets forfattarar og gjester vil garantert snakke om sine litterære førelegg og forbilder og etterforskningsmetodar.
Og kjenner vi Frode Grytten rett er han ikkje vond å be viss vi spør han om å opptre med vårt eminente husband, Annlaug Børsheim.
Vi gler oss til å sjå dykk!
Slik blir du medlem
Bli medlem i Eikemos leseselskap og få nyhetsbrev og rabatterte billettar til arrangementa. Det er planlagt 5 arrangement i 2026 : 6. mai, 5. september, 10. oktober, 28. november og 17. desember.
Medlemspris kr 120
Ordinær pris kr 250
Medlemskap teiknar du her !
Eg gler meg til løfterike samtalar i godt selskap
Beste helsing Marit
Informasjon og vilkår for Eikemos leseselskap
Kjære alle saman,
Eikemos leseselskap er eit medlemsbasert fellesskap for litteraturinteresserte. I dette selskapet er publikum gjester, eg er vert og kurator, den litteraturinteresserte mulitinstrumentalisten Annlaug Børsheim er husband, og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog.
Det blir heilaftens litteraturarrangement med aktuelle forfattargjester, opplesingar og samtalar om klassikarar frå eit litterært, psykologisk og musikalsk perspektiv, for å nevne noko. Saman blir vi eit unikt fellesskap med litteraturinteresserte både på scenen og i salen.
Leseselskapet treng medlemmer for å realisere arrangementa. For 2026 kostar medlemskapet 300 kroner. Ved å teikne medlemskap støttar du selskapet og får samtidig nokre fordeler:
Medlemsrabatt på arrangementa
I 2026 er det planlagd fem arrangement på Det Vestnorske Teateret. Medlemspris: 120. For ikkje-medlemmer kostar arrangementa 250 kroner.
Nyhetsbrev:
Gjennom nyhetsbrevet held eg kontakt med medlemmene...