Opningskonsert 2026
Førdefestivalen er stolte over å invitere til Opningskonsert i Idrettshallen torsdag 2.juli kl. 20.00! Opningskonserten markerer den offisielle starten på festivalen og er den største konsertproduksjonen i festivalprogrammet. Her får publikum oppleve fleire av årets artistar samla i éin konsert, sett saman spesielt for denne kvelden. Programmet rommar både sterke tradisjonar og nye musikalske møte, med utøvarar frå ulike delar av verda. Festivalen vert opna av utviklingsminister Åsmund Aukrust , og Mona B. Riise er konferansier for kvelden. Ho kjem til Førdefestivalen for første gong! Medverkande artistar: Kinnaris Q frå Skottland Amira Medunjanin frå Bosnia-Hercegovina Rastak frå Iran Sam Lee Trio frå Storbritannia Caamaño & Ameixeiras frå Galicia i Spania La Perla , perkusjon- og vokaltrio frå Colombia Håkon Høgemo og Erlend Viken , med dansar Vilde Westeng, med kraftfullt slåttespel frå indre Sogn. Opningskonserten er inkludert i festivalpasset med plass på tribuna, om du (med festivalpass) vil sitte på nummeret sete nærmare scena kan du kjøpe eit sete til kr 50,- Hjarteleg velkommen! Inkludert i billetten: Gratis inngang til Danseglede i Festsalen etter konserten. Vis denne billetten ved inngangen. 💡 Til deg som kjøper ordinær vaksenbillett til Opningskonserten: Du får tilgang til eit kveldstilbod med rabatt på 'Natt på Teateret'! Promokoden ligg på billetten din – bruk den ved kjøp, så vert rabatten synleg i handlekorga.
