Hopp til hovedinnhold
Oppdag mer
Carte Blanche: Insight – av Heine Avdal og Yukiko Shinozaki
Importert

Korleis kan dans gi oss innsikt i korleis vi navigerer livet i samspel med andre? Vi lever i ei verd som slitast i saumane - prega av...

Carte Blanche: Insight – av Heine Avdal og Yukiko Shinozaki

Kunst & Kultur
Musikk & Scene

Når

17. apr. 2026, 12:00

Hvor

Oseana kunst- og kultursenter Oseanasalen

Pris

Pris ukjent

Adgang

Eksterne billetter

Om dette arrangementet

Korleis kan dans gi oss innsikt i korleis vi navigerer livet i samspel med andre?

Vi lever i ei verd som slitast i saumane - prega av konflikt, motsetningar og kaos. Kvart steg framover møter motstand. Kvardagen er ein konstant forhandling, med eit håp for framtida.

I Insight utforskar Heine Avdal og Yukiko Shinozaki det skiftande forholdet mellom individ og fellesskap.

Fellesskapet i Insight er skjørt, fleksibelt og i stadig endring. Dansarane rører seg i eit system som aldri står stille, der oppmerksemd, rytme og relasjon må forhandlast frå augneblink til augneblink.

Framsyninga hentar inspirasjon frå trådleik som ein inngang til å utforske korleis vi opnar og lukkar oss for andre. I trådleik flettast skjøre mønster mellom hender. I Insight ser ein korleis små rørsler er med på å skape ein større heilskap. Resultatet blir til gjennom samspel og merksemd. Dreg ein for hardt, bryt figuren saman; held ein for laust, glip den. Kvar rørsle er med på å forme heilskapen, slik også kvart val i ei gruppe påverkar fellesskapet.

Koreografane kallar dette å røre seg som ein demokratisk kropp - ein praksis der kvar enkelt har tyding i kraft av korleis dei påverkar heilskapen.

Korleis kan ein røre seg utan å øydelegge for kvarandre?

---

Kunstnarleg lag:

Koreografi: Heine Avdal & Yukiko Shinozaki

Komposisjon/ lyddesign:Roeland Luyten

Lysdesign: Heine Avdal & Robert Roespel

Kostymedesign: Indrani Balgobin

Dansarar:

Adrian Bartczak
Aslak Aune Nygård
Brecht Bovijn
Dawid Lorenc
Gaspard Schmitt
Ihsaan de Banya
Iris Auguste
Mai Lisa Guinoo
Nadege Kubwayo
Noam Eidelman Shatil
Ola Korniejenko
Ole Martin Meland
Olha Mykolayivna Stetsyuk
Trine Lise Moe

---

Varigheit: Om lag 60 minutt framsyning + 20 minutt ettersnakk.

Rullestolar og ledsagarar: Ledsagarar har gratis inngang. Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast/reserverast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Flere som dette

Kunst & Kultur

Film: The thin red line

Terrence Malicks filosofiske meditasjon over krigens meningsløshet kontrastert mot naturens skjønnhet Etter 20 års permisjon fra bransjen kom Terrence Malick tilbake med noe så sjeldent som en poetisk krigsfilm. Den tynne røde linjen er lagt til Guadalcanal under andre verdenskrig og filosoferer over det pinefulle faktum at menneskene driver planmessig slakt på hverandre for å fremme sin egen trygghet. John C. Reilly, Jared Leto, John Travolta, George Clooney og Sean Penn er bare noen av de profilerte skuespillerne som spiller uniformslaver under den blå himmelen, i de grønne markene og mellom de tynne røde linjene. Soldatene venter på døden med tung puls og smertelig varhet. Protagonisten er likevel jordens skjønnhet, som Malick viser oss at er viktigere enn politikk og for vakker til å dø fra. Filmen vises på flott 35mm. Spilletid: 2t 50min Produsert: USA, 1998 Originaltittel: The Thin Red Line Regi: Terrence Malick Tale: Engelsk Undertekst: Norsk Aldersgrense: 15 Visningsformat: 35mm

12. apr. 2026, 14:00
USF Verftet
Gå til arrangement

Olav Stedje & Hjelmåskarane

Hjelmåskarane er i full gang med øving til 2 konsertar med Olav Stedje. Du er hjarteleg velkommen !

12. apr. 2026, 18:00
Åsane kulturhus
Gå til arrangement

*SPECIAL EVENT* - Eagerly Waiting (International Tour) + Improv JAM - 12.04.2026

Join this legendary improv evening @ Impro Neuf. For the first time ever "Eagerly Waiting" will be performed in Norway, followed by a JAM with the international performers and the Impro Neuf community. IT IS GOING TO BE A BLAST! Eagerly Waiting We are thrilled to present Eagerly Waiting , a captivating duo performance by our visiting guest teachers, Maro Lesioti (Athens, Greece) and Gabriel Caropreso (São Paulo, Brazil). Originally born as an innovative trans-Atlantic live project connecting Brazil and Greece, this show unites two distinct, multidisciplinary forces on one stage. Featuring: Maro Lesioti: A versatile actress and classical pianist whose poetic, "kinesthetic" style is rooted in the "radical act of acceptance." Gabriel Caropreso: A renowned clown and musician celebrated globally for blending rhythmic musicality with masterful comedic timing. IMPROV JAM The show will transition into a JAM hosted by our very own Carlos Moreno, where the audience will have the chance to jump onstage and play with Maro, Gabriel and other experienced improvisers from the community. The JAM will combine fun fast-paced games and experimental scenes inspired the visitors format. Together, their shared theatrical foundations promise a mesmerizing set filled with physical comedy, intricate rhythms, and deeply authentic, in-the-moment connection. IF tickets are still available, you may also Vipps on the door. ( FREE for students and members! but purchase to guarantee your place)

12. apr. 2026, 19:00
Lillesalen, Chateau Neuf
Gå til arrangement

Eventlenke

Denne oppføringen er importert. Åpne den eksterne arrangementsiden for detaljer.
Gå til arrangement

Del og lagre

Åpne i Google Kalender

Hvor dette kommer fra

Kilde

visit_bergen

Tillit

Offentlig kilde

Sist synkronisert

12. apr. 2026, 04:41

Refusjoner og billettendringer håndteres på den opprinnelige billettsiden.
Vi fremmer både gratis og betalte arrangementer for å hjelpe deg å nå flere.