Bryggedans med Splint!
Det blir full bryggedans når Splint kjem til Mandelhuset. Dette er eit band som har turnert tungt dei siste åra og fått svært gode tilbakemeldingar, både frå publikum og arrangørar. Med eit allsidig repertoar som fungerer like godt til dans, allsang og rein fest, ligg alt til rette for ein kveld med høg stemning ute på kaien. Splint har spelt på ei rekkje store festivalar og er kjende for å levera 100 prosent live, med ekte speleglede og godt humør. Bandet består av Arvid Søreide på gitar og vokal, Hans Torsvik på trommer og kor, og Trond Eide på tangentar og kor. Alle er solide musikarar med lang erfaring frå band, studio og som backing for andre artistar. Her får du kjende låtar, dansbare rytmar og ei sceneenergi som smittar rett ut på brygga. Dette er ein kveld for å kle seg opp, samla folk, dansa og vera med heilt til siste låt. Middag før konserten kan bestillast online for dei som vil starta kvelden litt tidlegare. Tid: kl 21.00 CC: 350,- Aldersgrense: 18 år Billettar: Ticketco.no Slik kommer du deg til Mandelhuset: Du kan komme til Mandelhuset ved å kjøre fra Bergen til Halhjem og ta ferjen Halhjem-Våge, som tar omtrent 35 minutter og bringer deg direkte til Våge, hvor restauranten ligger bare et steinkast unna. Du kan også reise med offentlig transport ved å ta buss 600 fra Bergen busstasjon til Halhjem kai, og deretter ta ferjen fra Halhjem til Våge. Total reisetid fra Bergen er rundt 1 time med bil og cirka 1,5 time med offentlig transport. Du finner buss- og ferjetider på Skyss.no .
