
AMERIKABREVA Ei framsyning av Lene Therese Teigen Med Oda Alisøy og Kjetil Alisøy Søvig AMERIKABREVA tek til som eit foredrag om unge...
Amerikabreva
Når
19. mai 2026, 19:30
Hvor
Cornerteateret
Pris
Betalt
Adgang
Eksterne billetter
Om dette arrangementet
AMERIKABREVA
Ei framsyning av Lene Therese Teigen Med Oda Alisøy og Kjetil Alisøy Søvig
AMERIKABREVA tek til som eit foredrag om unge kvinner som utvandra frå Noreg til Amerika. Men når ein gammal Amerikakoffert brått dukkar opp, tek forteljinga ei ny vending. Eit funn av brev og minne opnar ei personleg historie der Oda sine eigne slektsrøter vev seg saman med skjebnene til dei mange kvinnene som kryssa havet – med mot, lengt og draumar om eit nytt liv.
Framsyninga byggjer på verkelege menneske og livshistorier, men nyttar òg diktning for å skape eit levande og heilskapleg bilete av utvandringa. Her møtest sanning og fiksjon i ei gripande forteljing om oppbrot, håp og identitet – som òg kastar lys over vår eiga tid, der menneske framleis er på vandring.
Gjennom historia til syskenparet på scena, og forteljingane om deira eigne slektningar, får vi eit nært møte med ei viktig del av norsk historie – og dei menneska som levde henne.
Kunstnarleg lag Scenetekst, regi og visuell design: Lene Therese Teigen Medskapande skodespelar og produsent: Oda Alisøy Komponist/lyddesignar, arrangør, musikar og utøvar: Kjetil Alisøy Søvig Produksjon: Aldeles Alisøy Foto: David Zadig Rekvisittør: Ada Hesjevoll På telefon frå Chicago: Rene Fulton
AMERIKABREVA er produsert av Aldeles Alisøy i samarbeid med Teater Vestland, på oppdrag frå Vestland fylkeskommune i samband med Utvandrarjubileet 2025.
Framsyninga er støtta av Vestland fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, PreForm, Stiftelsen Fritt Ord og Fond for frilansere.
Eventlenke
Del og lagre
Hvor dette kommer fra
Kilde
ticketco_events
Tillit
Offentlig kilde
Sist synkronisert
27. apr. 2026, 04:41