Raftevold & Berg (Aleksander Raftevold & Sebastian Berg) er ein viseduo frå Nordfjord som sidan 2023 har spelt over hundre konsertar rundt om i Noreg. Med varme stemmer, sterke historier og ei djup kjærleik til den nordiske visetradisjonen har duoen markert seg som eit nært og særeige innslag på den norske visescena.
I 2024 gav dei ut debutalbumet Visenes Vår, der dei tolkar både klassiske viser og eigne arrangement med røter i folk, vise og nordisk tradisjonsmusikk. Deira versjon av Jakob Sandes «Du er min los» fekk speletid på NRK P1, og albumet opna døra til stadig fleire scener og konsertarenaer.
I 2025 stod dei bak forestillinga Viser min bestefar song i Operahuset Nordfjord, ei musikalsk og historisk framsyning bygd rundt viser etter Aleksander Raftevold sin bestefar og den sterke forteljartradisjonen frå Vestlandet. Forestillinga fekk stor respons frå publikum og får Oslo premiere på legendariske Edderkoppen Scene hausten 2026.
Til hausten kjem duoen med sitt andre album Mellom vindar, der dei tek føre seg skotske, irske og norske tradisjonsmelodiar med eigne tekstar og omsetjingar til nordfjordialekt. Dei er kanskje dei einaste i verda som har omsett «Homeward Bound» av Marta Keen til norsk dialekt. Songen fekk ny merksemd då Bryn Terfel si tolking gjekk som ein farsott i 2025, og no kjem Raftevold & Berg med si eiga utgåve. Publikum får også høyre deira tolking av «Dark Eyed Sailor», ei vise som har fått stor merksemd gjennom den nye filmen Wuthering Heights.
Musikken deira balanserer det nære og det humoristiske, det nostalgiske og det levande, alltid framført med ei tydeleg kjensle av tilhøyrsle og formidling.
Ein konsert med Raftevold & Berg byr på meir enn berre musikk. Publikum får historier, latter, gamle slagerar, sterke viser og ei varm oppleving der tradisjon møter samtid, tett på artistane og tett på ekte historier.
Velkommen til en musikalsk aften på Dyvekes Viseklubb ❤️