I 2026 markerer Vassendgutane 30 år som eit av Noregs mest folkekjære liveband - og jubileumsturnéen tek turen til Os og Oseana 18. april.
Sidan oppstarten i Ørsta i 1996 og gjennombrotet med «Ungkar med dobbelseng», har bandet levert gull- og platinaplater, toppa listene og skapt sin heilt eigen sjanger: festcountry. Med humor, speleglede og kompromisslaus live-energi har dei blitt ein institusjon på norske konsertscener.
Jubileumsåret byr på nye utgjevingar, nye låtar og ein omfattande noregsturné frå sør til nord. Publikum kan vente seg både friske jubileumsslepp og dei ikoniske låtane som har skapt allsang i tre tiår.
Når Vassendgutane kjem til Oseana, ligg alt til rette for ein kveld fylt av:Ekte, drivande festcountryAllsong og feststemningKlassikarar som har prega 30 år med norsk konsertliv
Dette er kvelden for deg som vil oppleve eit band i toppform - midt i ei historisk feiring!
Velkommen til ein jubileumskveld med fullt trøkk og 30 år med festcountry!
___
NB! 18-årsgrense med vergeordning!
Dette arrangementet har aldersgrense 18 år. Personar under 18 år kan delta saman med edru verge over 23 år. Vergeskjema må lastast ned, fyllast ut, og leverast inn ved ankomst. Last ned skjema her.
Varigheit: ca 90 minutt
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har gratis inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen - kom innom eller
kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.noMatservering: Informasjon kjem.