Skip to main content
Oppdag mer
THANK YOU FOR THE MUSIC – ABBA TRIBUTE SHOW
Paid
Imported

THANK YOU FOR THE MUSIC - ABBA Tribute Show Stad: Mandelhuset Dato: Laurdag 1. august Tid: Kl. 19:00 Billettpris: Kr 380,- (+ avgift) Gjer...

THANK YOU FOR THE MUSIC – ABBA TRIBUTE SHOW

Music & Stage
Courses & Knowledge

When

1 Aug 2026, 12:00

Where

Mandelhuset

Price

Paid

Entry

External tickets

About this event

THANK YOU FOR THE MUSIC - ABBA Tribute Show
Stad: Mandelhuset Dato: Laurdag 1. august Tid: Kl. 19:00 Billettpris: Kr 380,- (+ avgift)
Gjer deg klar for ei forrykande hyllest til ABBA!

Med supervokalistane Unni Hilt, Hibbi Mannes og Mads Pedersen i front, backa av fire av Haugalandet sine mest respekterte musikarar, er det duka for ein uforgløymeleg kveld. Me fyller Mandelhuset sin bryggekant med ABBA sine største og mest kjende hits, og garanterer magisk stemning frå start til slutt.

Her blir det allsong, høg dansefaktor og musikalske høgdepunkt på rekkje og rad - alt servert med skyhøg kvalitet og smittande speleglede!
ABBA-gjengen frå Haugalandet har lang fartstid i bransjen. Både vokalistar og musikarar er svært ettertrakta og mykje brukte i distriktet, både kvar for seg og saman i ulike konstellasjonar.

På scenen møter du:
Unni Hilt: Haugesundar med ein enormt allsidig musikalsk bakgrunn. Ho har stått på scenen med artistar som Hanne Krogh, Vidar Johnsen og Odd René Andersen, og hatt stor suksess med samarbeidsprosjektet «Blott ein dag» saman med Vamp-vokalist Jan Ingvar Toft. Unni var solist i «Team Hanne», er fast vokalist i Haugaland Storband, og singelen hennar «Learn to smile» har rullert mykje på både Radio 102 og NRK.
Hibbi Mannes: Oppvaksen på Vea - sjølvaste perla på Karmøy! Hibbi er ei røynd artist og låtskrivar som var handplukka solist i «Team Hanne», og som turnerte Noreg rundt med Hanne Krogh og Alexander Rybak i 2021. Ho er ein mykje brukt solist ved store events i sildabyen, har opptredd i Beatles-tribute, og har fylt Festiviteten med sitt heilt eige soloshow.

Mads Pedersen: Allsidig vokalist frå Karmøy som markerer seg sterkt i mange ulike sjangrar. Han er dirigent og solist for Stavanger Gospelkor, og deler rolla som fast vokalist i Haugaland Storband med Unni Hilt. Mads har gitt ut eigne soloplater og bidreg ofte som musikar, vokalist og produsent på andre utgivingar.

Velkomen til ein musikalsk festkveld på Mandelhuset!

Stad: Mandelhuset
Dato: Laurdag 1. august
Tid: Kl. 19:00
Billettpris: Kr 380,- (+ avgift)
Bord: Bestill bord før eller etter showet: https://www.mandelhuset.no/booking

More like this

Music & Stage

Bygdeteaterets Barneteater - 6. JULI

Vil heksa Malefika klare å ta Tornerose, og vil den grusomme prins Johan stoppe Robin Hood fra å ta fra de rike og gi til de fattige? Bli med i en magisk verden og se! Varighet : 40 minutter. 20 minutter x2 (med en liten pause imellom) Passer for barn og voksne i alderen 5 år og oppover. Produksjon : Bygdeteateret Manus og regi : Ingeborg Engø Skuespillere : Mikkel Moripen Møystad Sofie Asplin Ingeborg Engø Magnus Gimnes Sigrun Hasselgård Bøe Tobias Kolbjørnsen Mikkel Harding-Larssen Stand-in: Julie Skogen

6 Jul 2026, 17:30
Bare Barista Kaffebar
Go to event

Sommerkonsert med Torbjørn Økland band og Grethe Svensen

Gled dere til en musikalsk sensasjon på den lille scenen på Nortun grendehus ute ved havet på Vest-Lista! Multitalentet Torbjørn Økland, med 25 års fartstid i Vamp, kommer og med seg har han sine gode venner Jan Toft (tidligere vokalist i Vamp) og Grethe Svensen (anerkjent soul -pop sangerinne) og pianist Halvor Lillesund. Dette blir en magisk kveld hvor dere får komme tett på noen av norges dyktigste musikere som vil by kjært og kjent og noe nytt. Vi servere pølser, øl, vin, brus, nøtter. Gå ikke glipp av denne opplevelsen! Dørene åpner kl 18. Konsertstart kl 1930.

6 Jul 2026, 18:00
Nortun
Go to event

Bergen orgelsommer - Bergen International Organ Festival - Edgar Krapp in St. Mary's Church

Edgar Krapp stands as a grand old man of German organ culture. As concert organist and professor, his music has resonated far beyond borders, and through his guidance, generations of students have risen to international acclaim. St. Mary's Church is among Norway's most beautiful sacred spaces. The Weimbs organ from 2015 is shaped in perfect harmony with the church interior, where space and sound merge into a single, living whole.

7 Jul 2026, 12:00
Mariakirken
Go to event

Event link

This listing is imported. Open the external event page for details.
Go to event

Share & save

Open in Google Calendar

Where this comes from

Source

visit_bergen

Trust

Public source

Last synced

6 Jul 2026, 04:52

Refunds and ticket changes are handled on the original ticket page.
We promote both free and paid events to help you reach more people.