Skip to main content
Oppdag mer
Seminar: Kultur for fred – kultur, makt og internasjonalt samarbeid i ei uroleg verd
Paid
Imported

Kan kultur og internasjonalt samarbeid byggje fred i ei uroleg verd? Er det mogleg å utvikle ein fredskultur slik verda ser ut i dag?...

Seminar: Kultur for fred – kultur, makt og internasjonalt samarbeid i ei uroleg verd

When

2 Jul 2026, 12:30

Where

Nynorskhuset, Teatersalen

Price

Paid

Entry

External tickets

About this event

Kan kultur og internasjonalt samarbeid byggje fred i ei uroleg verd?

Er det mogleg å utvikle ein fredskultur slik verda ser ut i dag? Korleis kan ein arbeide med dialog, diplomati og tillit når opprusting, krig og mistenksomheit dominerer? Kva viser forsking, politikk og erfaringar frå feltet?

I samarbeid med Norec set vi søkjelys på korleis kultur og internasjonalt samarbeid kan vere avgjerande for at fred ikkje berre blir ein visjon, men eit reelt alternativ.

Programleiar er Roger Sevrin Bruland, kommunikasjonsleiar i Norec.

Program

12.30 – Velkomen
Roger Sevrin Bruland ønskjer velkomen.

12.35–13.00 Marte Heian-Engdal
Forskar og historikar Marte Heian-Engdal opnar seminaret med eit engasjerande overblikk over dei store linjene i verdspolitikken i dag – om krig, makt og globale spenningar.

13.00–13.15 Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Utviklingsministeren gir eit politisk perspektiv på internasjonalt samarbeid, kulturutveksling og fredsarbeid i ei uroleg verd.

13.15–13.25 Pause

13.25–13.40 Frå feltet
Gjennom korte, personlege innblikk får vi møte kvardagen i konfliktfylte og sårbare kontekstar, der kulturutveksling ikkje er teori, men levd erfaring.

13.40–13.45 Musikkinnslag

13.45–14.05 Ingeborg Breines
Refleksjonar rundt kultur, utdanning og fredsarbeid, basert på lang erfaring frå internasjonalt arbeid for dialog og ytringsfridom. Kan UNESCO og FN sin visjon om fredskultur hjelpe oss å lære å leve saman i fred? Breines deler også refleksjonar frå boka Fredskultur – utopi eller sikkerheitspolitisk alternativ .

14.05–14.30 Panelsamtale: Kan kultur byggje fred?
Roger Sevrin Bruland samtalar med Marte Heian-Engdal, Ingeborg Breines og Åsmund Aukrust. Panelet drøftar korleis kulturutveksling kan bidra til berekraftig fred – og kva utfordringar feltet står overfor i dag.

Event link

This listing is imported. Open the external event page for details.
Go to event

Share & save

Open in Google Calendar

Where this comes from

Source

ticketco_events

Trust

Public source

Last synced

1 Jun 2026, 04:52

Refunds and ticket changes are handled on the original ticket page.
We promote both free and paid events to help you reach more people.