Skip to main content
Oppdag mer
Protestkonsert
Paid
Imported

Verda har ikkje blitt det spor betre sidan i fjor, snarare tvert i mot. Det er snerk i substansen, tull i trompeten, nisser i nyhenda og...

Protestkonsert

Music & Stage

When

30 Apr 2026, 20:00

Where

Bergen

Price

Paid

Entry

External tickets

About this event

Verda har ikkje blitt det spor betre sidan i fjor, snarare tvert i mot. Det er snerk i substansen, tull i trompeten, nisser i nyhenda og krig i kvardagen. Revolusjonen er ikkje i gang enno, sjølv om Egdetveit og Aanerud spelte utselde protestkonsertar i tre fylke i 2025. Men dei klarte å hissa på seg nokre kapitalistar, tre skatteflykningar og ein representant frå Bystyret i Bergen. Elles var det ein del som lo. For når toskeskapen tårnar seg opp, maktesløysa legg seg som kolesterol rundt hjarterota og pulsklokka varslar om lågt kroppsbatteri er det ikkje anna å gjere enn finna det nyaste innan alternativ behandling - TTT, Terapeutisk Tulling med Toskeskapen. Det finn du i Bergen torsdag 30. april, på Cafe Sanaa, klokka 20.00, for då blir det ny Protestkonsert. Egdetveiten er framleis fast bestemt på å piska opp stemninga for revolusjonen, medan Aanerud er nøgd berre folk ler litt. Dei har med seg nokre gamle og nokre nye songar, ho korar han og han broderer tonlege trekkspillornamenteringar mellom gitarstrengane hennar, og no har dei skrive noko saman òg. Det vert urframføringar.

Johan Egdetveit bur i Stavanger og er komponist, produsent og musikar, men også protestsongar. Nådelaus protestsongar. Ingen slepp unna hans kritiske blikk: På marknadsliberalismen, på juksinga, ministrar som drit seg ut, den generelle forjævliseringa og aukande ulikskapen. I tillegg er han ganske god på arbeidarklassen sitt hovudinstrument; trekkspelet. I 2025 ga han ut albumet «Nytalens tid» som fekk strålande melding i Dag og Tid. Egdetveit er frå Voss, med tok med seg trekkspelet til den prestisjetunge Musikkhøgskulen i Oslo, godt inspirert av læraren på musikklinja på Voss, guruen Olav Ullestad. Stavanger Musikkskule trong etterkvart sårt ein trekkspellærar, og Egdetveit var passe lei av å spele i bunad på Disney World i Florida, så han slo seg ned hjå siddisane. Opp gjennom åra har han spelt i fleire band, duoar og trioar, til dømes med Svein Tang Wa, Jonas Fjeld, Morten Abel, Wunderkammer og Fint Fransk Orkester.

Marianne Aanerud er offentleg lønsmottakar i helsevesenet, men har underhalde kolleger med hemmelege slagarar som «Kysten rundt med kols i bånn» og «Har du fyr – originalversjonen» på jolebord og tilstellingar fleire år. Sidan kampen om Bybanen langs Bryggen i Bergen har spora av, og oljenorge nedprioriterar klima-, natur- og miljøpolitikk, har ho skreve protestviser. Ei og anna nidvise om velvaksne menn som startar eigne lokalparti basert på snevre sakslister har det vel også blitt. Saman med bandet Gummans favoritorkester har Aanerud dreve folkeopplysing med retningslinebasert helsejazz, ho speler gitar med kvinnegruppa Spark og frå Tuberkuløse Trubadurar kjem det trudeluttar med Bjørn Kenny Blomberg sine saksofontonar over den openstemte gitaren til Aanerud.

Sagt om Egdetveit:

«Han er Nord-Europas vittigste, skarpeste og mest relevante protestsanger» Instagram

«...ikke rauhål... er en alle tiders type, en framifrå protestsanger og en trekkspiller av Guds nåde.» Stavanger Aftenblad

Sagt om Aanerud:

«Bergens svar på Luther» ( Då ho aksjonerte med Bergens mødre for Bybanen ved å spikre opp reguleringsplanen framfor rådhuse) NRK.

«Du kan ikke holde en hammer en gang» personlig melding frå meningsmotstandar etter aksjonen

«Koffår ha´kje me hørt om deg før?» Munnleg tilbakemelding frå ukjend, men begistra siddis etter konsert på Litteraturhuset i Stavanger.

Kva er eigentleg protestsongar?

https://snl.no/protestsanger

More like this

Music & Stage

Rockeulven

En eventyrlig og energispekket musikal om den kjærlige geitemoren og hennes herlige små geitekillinger – og deres møte med den tøffe, sultne ulven og hans gjeng. Bli med inn i vårt helrocka univers fullt av sauer, geiter, gaupe, ulv, esel og papegøye, der spenning, humor og musikk går hånd i hånd!

12 Apr 2026, 16:00
Sylling
Go to event

Olav Stedje & Hjelmåskarane

Hjelmåskarane er i full gang med øving til 2 konsertar med Olav Stedje. Du er hjarteleg velkommen !

12 Apr 2026, 18:00
Åsane kulturhus
Go to event

Stord Kyrkje - Jubileumskonsert: Sankta Sunniva Kammerkor 25 år

Program: Gabriel Fauré - Rekviem i D-moll, Op. 48 og annet repertoar fra korets historie Medvirkende: Sankta Sunniva Kammerkor Stemmer Axel Gryspeert Dirigenter: Eirin Beate Åserud-Løvlid og Tore Kloster Orgel: Axel Gryspeert Foto: Gyrid Cecilie Nygaard

12 Apr 2026, 18:00
Stord Kyrkje
Go to event

Event link

This listing is imported. Open the external event page for details.
Go to event

Share & save

Open in Google Calendar

Where this comes from

Source

ticketco_events

Trust

Public source

Last synced

12 Apr 2026, 04:41

Refunds and ticket changes are handled on the original ticket page.
We promote both free and paid events to help you reach more people.