Skip to main content
Oppdag mer
Protestkonsert
Imported

Verda har ikkje blitt det spor betre sidan i fjor, snarare tvert i mot. Det er snerk i substansen, tull i trompeten, nisser i nyhenda og...

Protestkonsert

Music & Stage

When

30 Apr 2026, 12:00

Where

Bergen

Price

Price unknown

Entry

External tickets

About this event

Verda har ikkje blitt det spor betre sidan i fjor, snarare tvert i mot. Det er snerk i substansen, tull i trompeten, nisser i nyhenda og krig i kvardagen. Revolusjonen er ikkje i gang enno, sjølv om Egdetveit og Aanerud spelte utselde protestkonsertar i tre fylke i 2025. Men dei klarte å hissa på seg nokre kapitalistar, tre skatteflykningar og ein representant frå Bystyret i Bergen. Elles var det ein del som lo. For når toskeskapen tårnar seg opp, maktesløysa legg seg som kolesterol rundt hjarterota og pulsklokka varslar om lågt kroppsbatteri er det ikkje anna å gjere enn finna det nyaste innan alternativ behandling - TTT, Terapeutisk Tulling med Toskeskapen. Det finn du i Bergen torsdag 30. april, på Cafe Sanaa, klokka 20.00, for då blir det ny Protestkonsert. Egdetveiten er framleis fast bestemt på å piska opp stemninga for revolusjonen, medan Aanerud er nøgd berre folk ler litt. Dei har med seg nokre gamle og nokre nye songar, ho korar han og han broderer tonlege trekkspillornamenteringar mellom gitarstrengane hennar, og no har dei skrive noko saman òg. Det vert urframføringar.

Johan Egdetveit bur i Stavanger og er komponist, produsent og musikar, men også protestsongar. Nådelaus protestsongar. Ingen slepp unna hans kritiske blikk: På marknadsliberalismen, på juksinga, ministrar som drit seg ut, den generelle forjævliseringa og aukande ulikskapen. I tillegg er han ganske god på arbeidarklassen sitt hovudinstrument; trekkspelet. I 2025 ga han ut albumet «Nytalens tid» som fekk strålande melding i Dag og Tid. Egdetveit er frå Voss, med tok med seg trekkspelet til den prestisjetunge Musikkhøgskulen i Oslo, godt inspirert av læraren på musikklinja på Voss, guruen Olav Ullestad. Stavanger Musikkskule trong etterkvart sårt ein trekkspellærar, og Egdetveit var passe lei av å spele i bunad på Disney World i Florida, så han slo seg ned hjå siddisane. Opp gjennom åra har han spelt i fleire band, duoar og trioar, til dømes med Svein Tang Wa, Jonas Fjeld, Morten Abel, Wunderkammer og Fint Fransk Orkester.

Marianne Aanerud er offentleg lønsmottakar i helsevesenet, men har underhalde kolleger med hemmelege slagarar som «Kysten rundt med kols i bånn» og «Har du fyr - originalversjonen» på jolebord og tilstellingar fleire år. Sidan kampen om Bybanen langs Bryggen i Bergen har spora av, og oljenorge nedprioriterar klima-, natur- og miljøpolitikk, har ho skreve protestviser. Ei og anna nidvise om velvaksne menn som startar eigne lokalparti basert på snevre sakslister har det vel også blitt. Saman med bandet Gummans favoritorkester har Aanerud dreve folkeopplysing med retningslinebasert helsejazz, ho speler gitar med kvinnegruppa Spark og frå Tuberkuløse Trubadurar kjem det trudeluttar med Bjørn Kenny Blomberg sine saksofontonar over den openstemte gitaren til Aanerud.

Sagt om Egdetveit:
«Han er Nord-Europas vittigste, skarpeste og mest relevante protestsanger» Instagram
«...ikke rauhål... er en alle tiders type, en framifrå protestsanger og en trekkspiller av Guds nåde.» Stavanger Aftenblad
Sagt om Aanerud:
«Bergens svar på Luther» (Då ho aksjonerte med Bergens mødre for Bybanen ved å spikre opp reguleringsplanen framfor rådhuse) NRK.
«Du kan ikke holde en hammer en gang» personlig melding frå meningsmotstandar etter aksjonen
«Koffår ha´kje me hørt om deg før?» Munnleg tilbakemelding frå ukjend, men begistra siddis etter konsert på Litteraturhuset i Stavanger.
Kva er eigentleg protestsongar?
https://snl.no/protestsanger

More like this

Music & Stage

A BURIAL AT SEA // NEWHVN (UK)

Perfect Sounds Forever presenterer: A BURIAL AT SEA // NEWHVN (UK) support: VLMV (UK) Landmark / 26.april / 20.00: dører / 20.30: konsertstart Emerging in 2025 from Liverpool, United Kingdom, newhvn blends rock, alternative rock and grunge into a genre-defying sound. From the remains of a post-rock instrumental band, the project newhvn has surfaced, blending together their post-rock roots with their shoegaze and post-hardcore influences. Having toured the world and released two albums as their former project A Burial at Sea, newhvn have had years of experience on the road, building fanbases up around Ireland, UK, Europe and Asia and have supported bands such as And So I Watch You From Afar, The Ocean, This Will Destroy You. They've also made appearances at festivals like ArcTanGent (UK), Post in Paris (FR), Bergmal (SW), and Dunk (BE). Wanting to break away from their post-rock sound, the remains of A Burial at Sea took themselves to Black Bay Studios on the Isle of Lewis, Scotland and newhvn was born. Pulling influences from Pinegrove and Cloakroom and combined it with their post-rock background a collection of 10 songs were formed, to be released in 2026. Formed in early 2015 and fronted by songwriter/producer Pete Lambrou, VLMV released their debut album via Fierce Panda Records in August 2015, reaching Number 42 in the UK Independent Charts, and described by Lauren Laverne (BBC6 Music) as "a beam of light through a dark, cold night", 'Heart-achingly beautiful" by Prog Magazine, and "A shimmering soundscape of delicate ethereal beauty. Breath-taking in its scope and evoking imagery of the vastness of space" by The Independent. Now signed to Erased Tapes Music, VLMV's music has been heard on TV's throughout the world, with high profile spots for Santander, The Grand Tour, The Champions League Final, Nike, Vice, MTV's Teen Mom, and many more. Live, VLMV is known for slow building solo loops with guitar, piano, voice and synths surrounded by homemade flickering lights - a delicate and immersive experience.

26 Apr 2026, 12:00
Landmark
Go to event

Bach i katedralen II

Andre konsert i en ny serie konserter i Bergen domkirke med fokus på musikk av J. S. Bach og hans samtidige. På programmet står bl. a. Bachs vakre Sonate for fiolin og cembalo i f-moll (BWV 1018) og noen av hans mange fine koralbearbeidelser. Chien-Yu Chu, fiolin Sigurd Melvær Øgaard, cembalo/orgel Kjøp billett her.

26 Apr 2026, 12:00
Bergen domkirke
Go to event

Bergen Kammerorkester: Atterberg, Britten & Suk

Fra mørke til lys. Våren har alltid inspirert våre nordiske komponister - og svenske Kurt Atterberg er intet unntak. Hans populære suite, en lyrisk og stemningsfull dobbelkonsert for fiolin og bratsj, setter tonen for denne aprilsøndagens musikalske reise fra mørke til lys. Bergen Kammerorkester, et prosjektensemble med sterke røtter i byens rike frilans- og kammermusikermiljø, stiller denne gangen også med et solistlag fra øverste hylle. De inviterer oss videre inn i Benjamin BrittensLes Illuminations for tenor og strykere - en reise full av musikalsk rikdom basert på Arthur Rimbauds poetiske univers. Konserten avrundes med tsjekkiske Josef Suks strykerserenade, et verk fullt av våryrhet, brahmsk varme og melodisk genialitet à la Dvořák - som Suk studerte hos da serenaden ble skrevet. Velkommen!Erlend Tvinnereim tenor Alexander Kagan fiolin Ilze Klava bratsj Alexey Cherkasov fiolin & musikalsk leder For komplett program- og utøverpresentasjon, se vår programside. Varighet ca 1 time og 20 minutter. Programmet er uten pause. Velkommen til en stor kunstmusikalsk opplevelse! Foto: Denis Yulov (Tvinnereim) / Tatiana Chulochnikova (Kagan) / Tommy Næss (Klava) / Jaroslaw Wasilewski (Bergen Kammerorkester) / Mikael Tjemsland (Cherkasov)

26 Apr 2026, 12:00
Universitetsaulaen, Bergen
Go to event

Event link

This listing is imported. Open the external event page for details.
Go to event

Share & save

Open in Google Calendar

Where this comes from

Source

visit_bergen

Trust

Public source

Last synced

26 Apr 2026, 04:41

Refunds and ticket changes are handled on the original ticket page.
We promote both free and paid events to help you reach more people.