Skip to main content
Oppdag mer
Kultur for fred – perspektiv på kultur, makt og internasjonalt samarbeid i ei uroleg verd.
Paid
Imported

Er det mogleg å bygge ein fredskultur slik verda ser ut i dag? Korleis kan ein jobbe med dialog, diplomati og tillit når opprusting, krig...

Kultur for fred – perspektiv på kultur, makt og internasjonalt samarbeid i ei uroleg verd.

Courses & Knowledge
Art & Culture

When

2 Jul 2026, 12:30

Where

Nynorskhuset, Teatersalen

Price

Paid

Entry

External tickets

About this event

Er det mogleg å bygge ein fredskultur slik verda ser ut i dag? Korleis kan ein jobbe med dialog, diplomati og tillit når opprusting, krig og mistenksomheit er det dominerande? Kva viser forsking, politikk og erfaringar frå feltet? Saman med Norec set vi søkjelys på korleis kultur og internasjonalt samarbeid er viktige for at fred ikkje berre blir ein visjon men eit reelt alternativ.

Seminaret er på norsk.

NB! Det er gjort endringar i dette seminaret i høve til det som står i trykt program og brosjyre: Rekkjefølgja på innlegga er endra - og seminaret vil vare til 14.45. Endringane er gjort 21. juni.

Programleiar er Roger Sevrin Bruland, kommunikasjonsleiar i Norec.

Program

12.30 – Velkomen
Roger Sevrin Bruland ønskjer velkomen.

12.35–13.00 Marte Heian-Engdal
Forskar og historikar Marte Heian-Engdal opnar seminaret med eit engasjerande overblikk over dei store linjene i verdspolitikken i dag – om krig, makt og globale spenningar.

13.00 - 13.25 Ingeborg Breines
Refleksjonar rundt kultur, utdanning og freds-arbeid, basert på lang erfaring frå internasjonalt arbeid for dialog og ytringsfridom. Kan UNESCO og FNs visjon om Fredskultur hjelpe oss å lære å leve saman i fred? Breines deler også refleksjonar frå boka «Fredskultur- Utopi eller sikkerhetspolitisk alternativ».

13.25 Pause

13.40-14.00 Mellom middagsbord og diplomatisk krise

Kva skjer når arbeidsplassen din er midt i ein av verdas mest fastlåste konfliktar, og heimen din er i same region?

Margunn Indrebø Alshaikh , visespesialrepresentant for UNDP PAPP, lever eit liv prega av djupe kontrastar i Israel. I denne samtalen får vi eit unikt innblikk i korleis det er å balansere rolla som diplomat og forelder i eit landskap der det personlege og det politiske er umogleg å skilje. Korleis tek ein vare på både den profesjonelle nøytraliteten sin og den menneskelege empatien når kvardagen står i fare for å rakne?

14.15 – 14.25 Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Utviklingsministeren gjev eit politisk perspektiv på internasjonalt samarbeid, kulturutveksling og fredsarbeid i ei uroleg verd.

14.25-14.45 Panelsamtale: Kan kultur byggje fred?

Roger Severin Bruland samtalar med Heian-Engdal, Breines og Aukrust. Panelet drøftar korleis kulturutveksling kan bidra til berekraftig fred – og kva utfordringar som ligg i feltet i dag.

More like this

Courses & Knowledge

Rørospols (2 dagar)

Polsen er i vinden som aldri før! Suggererande og drivande. Ein dans du får lyst å danse om og om igjen, heile kvelden, heile natta. Om du berre kan den då. Og no har du sjansen. I år blir det kurs i rørospols, og det med dei beste instruktørane. Torill Jørgensen og Rolf J. Feragen er svært erfarne dansarar og pedagogar, og sørger for at når kurset er over er du godt rusta for dansegolvet - og så får vi sjå om du klarer å stoppe. Kurset passar for ungdom/vaksne, og du treng ingen forkunnskapar. Levande musikk av Olav Mjelva – det blir ikkje betre! Dag 1 av 2. Dag 2 er fredag 3.juli kl 10:00 - 12:00.

2 Jul 2026, 17:00
Førdehuset, Teatersalen
Go to event

Rørospols held fram

Del 2 av dansekurset i Rørospols.

3 Jul 2026, 10:00
Førdehuset, Teatersalen
Go to event

Musikk i sentrum | fredag

Festival i byn! 10.30–11.15 Torgscena, Elvetorget Torgscena er staden å sjekke ut nokre av festivalartistane – heilt gratis! HrayBery kjem og gir oss krasjdansekurs også! Billettørane våre er tilstades for billettkjøp og spørsmål.

3 Jul 2026, 10:30
Torgscena, Elvetorget
Go to event

Event link

This listing is imported. Open the external event page for details.
Go to event

Share & save

Open in Google Calendar

Where this comes from

Source

ticketco_events

Trust

Public source

Last synced

2 Jul 2026, 04:52

Refunds and ticket changes are handled on the original ticket page.
We promote both free and paid events to help you reach more people.