
Frøken Julie av August Strindberg Ein samproduksjon av Den Nationale Scene i Bergen og Baroniet Rosendal AUGUST STRINDBERG sitt ikoniske...
Frøken Julie
When
23 Aug 2026, 14:00
Where
Riddersalen
Price
Paid
Entry
External tickets
About this event
Frøken Julie
av August Strindberg
Ein samproduksjon av Den Nationale Scene i Bergen og Baroniet Rosendal
AUGUST STRINDBERG sitt ikoniske stykke FRØKEN JULIE frå 1888 er i denne versjonen lagt til BARONIET ROSENDAL .
Baronen si dotter Julie har hatt ein turbulent oppvekst på Baroniet.
Det er sankthansnatt på Baroniet. På baronikjøkenet møtast greven si dotter Julie og tenaren Jean, to menneske frå kvar si verd som aldri skulle ha nærma seg kvarandre. Når natta dreg ut, glir grensene mellom dei gradvis ut av form: mellom overklasse og tenarskap, mellom makt og avmakt, mellom kven vi er og kven vi lengtar etter å vere.
Julie er adelsdottera som alltid har prøvd å sprengje rammene rundt seg. Jean er tenaren som ser etter kvar einaste moglegheit til å ta eit steg opp. På kjøkenet er også Kristin, forlova med Jean og bunden av plikt. Mellom Julie og Jean veks eit spel som dreg i dei frå fleire kantar – tiltrekking, stoltheit, underkasting og kampvilje – og Kristin blir vitne til noko ho ikkje kan stogge.
Strindbergs klassikar er ei rå og presis studie i korleis klasse, kjønn og begjær kan rive menneske sund. Ei intens og nådelaus historie om grenser som blir brotne og prisen som følgjer.
Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.
NB!
Førestillinga vil foregå i Borggarden på slottet og i Riddersalen på Avlsgarden. Så her må ein belaga seg på litt vandring og kle seg etter ver og vind.
Oppmøte i Borggarden, Baroniet Rosendal.
Hjarteleg velkommen til teaterframsyning!
Share & save
Where this comes from
Source
ticketco_events
Trust
Public source
Last synced
13 Jun 2026, 04:52