Skip to main content
Oppdag mer
Førdes fredskonsert
Paid
Imported

Når verda strammar seg til og avstanden mellom oss veks, treng vi rom der vi kan vere saman og kjenne på fellesskap. Musikken ber oss dit....

Førdes fredskonsert

Music & Stage
Food & Social

When

4 Jul 2026, 20:30

Where

Førdehuset, Idrettshallen

Price

Paid

Entry

External tickets

About this event

Når verda strammar seg til og avstanden mellom oss veks, treng vi rom der vi kan vere saman og kjenne på fellesskap. Musikken ber oss dit. Den kryssar grenser utan pass og talar språk utan ord.

Under mørke himlar, gjennom uro og uvisse, finn menneske framleis ein song å halde fast i. Ein song å dele.

Denne kvelden kjem musikarar frå fleire delar av verda med sine historier:

Tarabband og Nadin Al Khalidi ber fram songar om flukt og håp. Jawa held liv i sufitradisjonar frå Syria. Daughters of Donbas vitnar om krigen sine konsekvensar for born. Seckou Keita med gjestane Olav Torget og Lajla Storli syner korleis musikk kan byggje bru mellom menneske.

Vera Synne og Martin Steinum Brun frå Noreg rørte eit stort publikum under Nobels fredspris i Oslo Rådhus i november.

Programleiar for fredskonserten er Rima Iraki , velkjend frå Dagsrevyen og Urix, og no aktuell med boka Flukten frå Palestina. Saman med dei fine artistane vil ho gjere fredskonserten til ei oppleving der vi kanskje kan kjenne på kva fred kan vere for kvar enkelt av oss, men og for eit fellesskap. Når vi lyttar saman, deler vi noko meir enn musikk. Vi deler eit håp.

Og kanskje er det der det byrjar.

Festivalpass = Plass på fredskonserten.

Festivalpass gir deg fri tilgang til fredskonserten frå unummererte plassar på tribuna – enkelt og greitt. Vil du ha eit fast sete nærmare scena? Kjøp "Festivalpass sete" for kr 50,- og sikre deg ein nummerert plass!

💡 Til deg som kjøper ordinær vaksenbillett til Førdes fredskonsert: Du får tilgang til eit kveldstilbod med rabatt på Klubb Komle + Gasper Nali Promokoden ligg på billetten din – bruk den ved kjøp, så vert rabatten synleg i handlekorga.

More like this

Music & Stage

Gratulerer med dagen, Edvard!

En musikalsk feiring av Edvard Grieg. Pianist Christian Grøvlen innleder kveldens bursdagsfeiring med å ta oss med på en reise i Edvard Griegs musikalske univers. Vi får høre Preludium fra Holbergsuiten, Kulokk, Jølstring, Jeg elsker deg og Bryllupsdag på Troldhaugen, samt Griegiana av Christian Grøvlen. Som pianist og direktør for Kode komponisthjem, har Grøvlen et sterkt og nært forhold til norsk musikk, ikke minst til Edvard Grieg. Hans innledende konsertforedrag om Griegs liv og musikk gir en fin ramme rundt konserten. I pausen inviteres alle på kake. Det er jo bursdag. I foajeen får vi høre Håkon Høgemo på hardingfele, Tom Karlsrud på trekkspill og Håkon Skjæret på slåttetromme spille norsk festmusikk fra Griegs tid. Når kaken er spist, er det tid for Griegs Peer Gynt, som ble første gang framført på Christiania Theater for 150 år siden. Sammen med Bergen Filharmoniske Orkester og dirigent Rasmus Hella Mikkelsen, vil kveldens forteller Ingeborg Ekeland løfte fram og gi liv til Griegs musikalske landskap og Ibsens rike persongalleri. Det er bare å glede seg til høydepunkter som Morgenstemning, Solveigs sang og Dovregubbens hall. Arrangementet foregår på norsk, men tekstes på engelsk. Kjøp billett her.

15 Jun 2026, 12:00
Grieghallen
Go to event

Sommerkonsert - a cappella, med Bergen Kammerkor

Bergen Kammerkor inviterer til sommerkonsert a cappella i Korskirken mandag 15. juni kl. 19.30. Du får høre et bredt repertoar som spenner fra klassiske kormuskk til folketoner og sommerviser. Grieg, Kverno, Rheinberger, Arnesen, Taube, m.fl.

15 Jun 2026, 12:00
Korskirken
Go to event

VOKSNE HERRERS ORKESTER

En aften med Voksne Herrers Orkester og gjester. Voksne Herrers Orkester (VHO) har gjennom en årrekke med sine faste ukentlige konserter rukket å bli en institusjon i Bergens kulturliv. 👉 Husk å bestille bord for best opplevelse Siden 2001 med en produksjon på 30-40 konserter i året har de forlengst rukket å feire jubileum for 500 konserter. VHO har gjennom mange år fått et stort publikum og de serverer alltid aftener av høy kvalitet med musikk innen alle mulige genrer. VHO har et stort og variert eget repertoar innen jazz, pop, rock m.m. I tillegg har de alltid med gjesteartister på sine konserter. Voksne Herrers Orkester er: Steinar Krokstad (trommer), Thomas T Dahl (gitar), Harald Dahlstrøm (keyboard) og Ole Marius Sandberg (bass). Les mer på www.voksneherrer.no - eller søk bandet opp på YouTube eller Facebook

15 Jun 2026, 12:00
Madam Felle
Go to event

Event link

This listing is imported. Open the external event page for details.
Go to event

Share & save

Open in Google Calendar

Where this comes from

Source

ticketco_events

Trust

Public source

Last synced

15 Jun 2026, 04:52

Refunds and ticket changes are handled on the original ticket page.
We promote both free and paid events to help you reach more people.