Kven styrer feeden min?
Kvifor scrollar eg så mykje? Kvifor får eg opp akkurat dette innhaldett? Kor godt kjenner TikTok meg eigentleg, og lyttar Meta til kva eg seier?Med utgangspunkt i konkrete spørsmål om kvifor SoMe-feeden ser ut som den gjer, vil Bår Stenvik i dette foredraget gi ein betre innsikt i korleis algoritmar og sosiale medier er med på å forme og styre liva våre. For kven er det eigentleg som bestemmer kva vi ser på dagen lang? Er det vi sjølv, folk som Mark Zuckerberg - eller ein uhandgripeleg kunstig intelligens? Bår stenvik er forfattar og journalist og har gitt ut fleire sakprosabøker, som BLØFF - Hvordan juks og selvbedrag gjør oss til ekte mennesker (2014), Det store spillet om å overleve i algoritmenes tidsalder (2020) og Hvem styrer feeden min? Kunstig intelligens, sosiale medier og kampen om oppmerksomheten vår (2025) 150,-/ 120,-/ 60,-
